Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Poetisk praksis

Eg skriv for å få tida

til å gå

tur med hunden

han bjeffar orda

hulter til bulter

som ein klesvask

Eg skriv tida tilbake

Orda har eit alvor

i seg eg ikkje

kan gripe

men eg kan sleppe

hunden laus

Han spring