Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Essay

Å gå ­ufatteleg langt

Ingen burde i prinsippet skrive etterord om å lese Amina Cain.

Palmesus: Palmeblada har sitt eige forhold til luft hos Amina Cain. Foto: Deeja/Unsplash

Eg har i fleire dagar hatt «Ein hest om natta» liggande open ved sida av tastaturet mitt, tastaturet som eg har prøvd å skrive denne teksten på, på den sida der det handlar om ei bok av Marie NDiaye. Det er eit av dei minste essaya eg nokosinne har lese, i storleik er det på litt mindre enn éi side, og opninga på essayet er slik: «Las ferdig NDiayes Tous mes amis (‘Alle venane mine’). For ei merkeleg bok.» Det held fram med denne setninga: «Kva er det i litteraturen hennar som tiltalar meg». Setninga endar med punktum, ikkje spørjeteikn. Neste setning: «Førestellingsevna hennar er utruleg. Og humoren.» Om eg berre kunne ha late dette stå som mitt eige etterord om Amina Cain, hadde alt vore perfekt, eigentleg. Mens eg, i fleire dagar, altså, prøver å skrive dette etterordet, svevar medvitet mitt som eit spøkelse over den eine sida om Marie NDiaye. Kva er det som tiltalar meg med Amina Cain? spør spøkelsesmedvitet mitt, og svarer: Førestellingsevna hennar er utruleg. Og humoren. Neste setning i essayet om NDiaye: «Ho tar verkeleg skrittet heilt ut og kjem ut på den andre sida.» Nettopp! glitrar spøkelsesmedvitet mitt, altså det medvitet som ikkje sit her og skriv dette, men det som berre svevar over den sida: Det same gjer Amina Cain. Spøkelsesmedvitet og medvitet mitt glir saman igjen. Eg veit no kva eg må gjere for å kunne skrive dette etterordet. Eg må starte med å seie at eg har i fleire dagar hatt «Ein hest om natta» liggande open ved sida av tastaturet mitt, tastaturet som eg har prøvd å skrive dette på. Det er som om eg håpar at etter­ordet, som hesten, skal springe ut av boka av seg sjølv.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen