Olav Myrtvedt døydde den 9. mai, berre 62 år gamal. Med det er ein av landets aller fremste scenografar og kostymedesignarar gått ut av tida. Myrtvedt var utdanna ved Danmarks designskole og har hatt ansvaret for eller deltatt i scenografi og kostymedesign for meir enn 130 produksjonar over heile landet, og også i utlandet. I 2011 fekk han den høgthengjande danske Reumert-prisen (tilsvarande vår Hedda-pris) for scenografien til «Hellig3kongersaften» på Aalborg Teater. Her heime har han vore nominert til Heddapris heile tre gongar, og i 2016 fekk han den for scenografien til «Vår ære/vår makt» på Den Nationale Scene i Bergen.