Ali Jones Alkazemi skildrar den religiøse oppdagingsreisa si med eit frekt alvor.
Merete Røsvik
På oppdagingsreise: Ali Jones Alkazemi er stipendiat ved Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Foto: Agnete Brun
Ali Jones Alkazemi
Jeg, en kristen-muslimsk ateist
Kagge forlag 2026, 246 sider
Sjansen er stor for at tradisjonelt truande kristne vil setje kaffen i halsen fleire gongar om dei skulle lese Ali Jones Alkazemis bok om reisa frå sjia-islamsk gnostisisme via kommunisme, nihilisme, buddhisme og Jordan Peterson til katolisisme. Alkazemi karakteriserer Den norske kyrkja slik: «En så ren og korrekt teologi, med en kirke som åpent sa at den ikke var noe særlig annet enn en dobørste eller Pepsi-flaske [...]». Kristne i meir konservative kyrkjesamfunn vil truleg seie seg samde i at mykje av høgtida og mysteriet er forklart vekk i folkekyrkja. Men kaffen kjem garantert opp igjen når dei les at «Jesus faktisk hadde to stefedre, Josef og Gud Fader» og «[...] skal vi virkelig late som om vi er helt sikre på at Jesus og Gud alltid er ved sine fulle fem?»