Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Roman

Etter dronane

Sara Johnsens roman viser kor lite vi står att med etter ein krig. Men kva tilfører verseforma?

KRIG: Tredje verdskrig har brote ut i Sara Johnsens roman på vers. FOTO: Christopher Olssøn

Sara Johnsen

Søster­brødrene

Forlaget Oktober 2026, 200 sider

Når tredje verdskrig bryt ut, må Mika forsvare landet, seinare vender ho heim frå fronten for å hente veslesøster Lena. I «Søsterbrødrene», ein roman på vers, blir det allereie i første kapittel klart at hovudpersonane berre har kvarandre att. Foreldra og store deler av samfunnet er utrydda, landet er goldt, men «Vi har overlevd krigen», konstaterer Mika – historia er fortald frå veslesøstera Lena sitt perspektiv. Søskenparet gøymer seg frå dronar og kryp over lik på leit etter ein trygg plass i fjellet å bu i tomme hyttefelt; dei brenn håret kort og legg stoffbitar mellom beina fordi det er tryggare å sjå ut som gutar om nokon skulle finne dei. Slik blir dei både søster og bror for kvarandre. Dei treff andre overlevande, som oftast venlege menneske, og eit nytt samfunn kan byggast.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen