Bak skyene ...
Raye
This Music May Contain Hope
Human Re Sources
Ute 27. mars
Når eg ser på dette mildt sagt symboltunge coveret til Rayes nye album, er ikkje det første eg tenker på ein Raye-låt, men Kristi Bruds glimrande «Bare dråper»: Vi sluttet aldri å håpe / Dette regnet e bare dråpar / Og se der oppe i skyene / Det kommar sol etter bygene. Den britiske superstjerna har neppe hørt Kristi Brud, men også ho brukar dette velkjente «bak skyene er himmelen blå»-motivet. Her står ho, i ein av sine typiske raude divakjolar, haler og drar i eit tau, og tvingar opp ei lita luke av håp i himmelen. «This music may contain hope», står det der, i kvitt mot ein lyseblå bakgrunn.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
