Kremlologen
Åsmund Egge fylte 85 år i går

Historieprofessoren Åsmund Egge runda 85 år 19. mars. Egge er landets truleg fremste ekspert på det russiske kommunistpartiets historie, og først og fremst epoken som blir kalla Stalin-tida. Han var arveleg belasta som sonen til Ørnulf Egge, som var nær medarbeidar til den kommunistiske krigsleiaren Peder Furubotn. Åsmund fann for sin del vegen til ml-rørsla og har vore aktiv på venstresida i store delar av livet. Han har gjeve ut banebrytande verk, mellom anna om forholdet mellom Komintern og Arbeidarpartiet og om det myteombruste drapet på Sergej Kirov i 1934, som vart følgd av den store terrorbølga i Sovjetunionen. Det er 15 år sidan Egge vart pensjonert frå sitt professorat ved Universitetet i Oslo, men han har halde fram med å forske og skrive. Stutt tid før åremålsdagen kom hans biografi «Grigory Zinoviev – Lenin’s Right-Hand man». Zinovjev (1883–1936) var ein av leiarane for den russiske revolusjonen, til han fall i unåde og vart avretta under Moskva-prosessane.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn


