Glimt av eit tabu
Janne-Camilla Lyster skriv utan omsveip om å sørgje over barnet ein har fått.


Janne-Camilla Lyster
Et annet navn
Tiden Norsk Forlag 2026, 165 sider
Å få og oppdra barn kan gjere at du får eit nytt syn på kven du er som menneske og kva som har forma deg, og det er ikkje berre behagelege sanningar som dukkar opp. Eg trur det er ei slik sjølvgransking som går føre seg i samlinga av korte tekstar som utgjer den tredje romanen til Janne-Camilla Lyster. Kvinna som fortel har fått ein son med alvorleg, psykisk utviklingshemming, noko som får henne til å sjå hendingar og menneske i eige liv, og ikkje minst seg sjølv, på ein annan måte. Tittelen, «Et annet navn», viser til at ho og barnefaren ikkje synest namnet dei hadde tenkt ut passar til guten som blir fødd – han er ikkje ein kjenslevar «Ola», men ein høglydt og krevjande «Gustav». Det påverkar også identiteten til mora.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn