Ein institusjonsbyggar
Jan Henry Keskitalo fyller 80 år laurdag

Jan Henry Keskitalo i Guovdageaidnu-Kautokeino fyller 80 år den 17. januar. Han har gjennom livet vore ein aktiv samfunnsdeltakar på ulike område, og til fødselsdagen vil han få gratulasjonar med velfortent fin omtale frå fleire hald. I omtalen her ønskjer vi å legge vekt på den leiande posisjonen som Jan Henry har hatt i bygging av samiske utdanningsinstitusjonar. Den mest synlege rolla som institusjonsbyggar hadde han som rektor ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i dei sju første åra etter at skulen var etablert i 1989. Jan Henry si tid som rektor var ein utruleg ekspansiv periode for høgskulen, og dette var særleg imponerande sidan alt som vart gjort der og då, var nyskapande.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

