Liv Kristin Steen Brundtland tar eit modig oppgjer med religiøse autoritetar.
Merete Røsvik
Uredd: Brundtland saksøkte misjonsorganisasjonane i 2013. Foto: Marie von Krogh
Liv Kristin Steen Brundtland
I varetekt meg ta
Pelikanen forlag 2025, 295 sider
Norske misjonærar har reist verda rundt for å frelse heidingar, men deira eigne barn har betalt ein høg pris. Sidan Liv Kristin Steen Brundtland saksøkte Norsk Luthersk Misjonssamband og Den Evangelisk Lutherske Frikirke i 2013, har ho ført ein heroisk kamp for å halde dei ansvarleg for omsorgssvikt og overgrep ho opplevde på den misjonsdrivne internatskulen på Taiwan. Tittelen på boka ho no gir ut, «I varetekt meg ta», er henta frå ein kristen godnatt-sang eg sjølv song kvar kveld som barn. Samtidig peikar tittelen mot Brundtlands hovudpoeng: Ho var i misjonens varetekt. Og «o, fader i det høye» beskytta ikkje «fra synd, fra sorg, fra fare». Den sjølvbiografiske forteljinga viser kor mykje mot, viljestyrke og ikkje minst toleevne som skal til for å ta eit oppgjer med religiøse autoritetar.