Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Coveret

Egg, armar og stormfulle høgder

Charli XCX

Wuthering Heights

Atlantic/­­Warner

Ute 13. ­februar

Kan nokon nokongong laga musikk kalla «Wuthering Heights» som overgår Kate Bush’ låt med same namn? Heathcliiiff, it’s meee, Cathyyyy, I’ve come ho-o-o-me, med koreograferte dansemoves, fryse fryse armar rundt kroppen, mime mime banka på vindauget. (Store delar av engelsk litteratur-faget på vidaregåande gjekk med til å utføra denne koreografien). Eigarskapet Bush har, er så stort at å begi seg ut på noko slikt som Charli XCX gjer her – å gi ut eit heilt album kalla «Wuthering Heights» – kan rett og slett kallast stormannsgalskap. Men Charli er jo litt stormannsgal. Og albumet er trass alt eit soundtrackalbum, til nok ein filmatisering av Emily Brontës klassiske roman. Hovudrollene blir spelte av Margot Robbie og Jacob Elordi (å casta verdas penaste kvinne, blond og beach tan, som den bleike, nordbritiske Cathy, er rett ut latterleg, men ok), og filmen har sjølvsagt premiere 14. februar: Valentinsdagen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen