Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Roman

Åndskamp i Drammen

Kristian Klausens trakkar i sine eigne spor. Resultatet blir for tynt.

Kontrafaktisk: Verkelegheitas Jiang Qing og Mao, fotografert i 1943. Foto: Wikimedia Commons

Kristian ­Klausen

Maos enke

Cappelen Damm 2025, 144 sider

Opplegget i «Maos enke» av Kristian Klausen høyrest forfriskande sprøtt ut: Maos antatt fjerde kone Jiang Qing var ei drivande kraft bak forfølginga av intellektuelle og kunstnarar under Kulturrevolusjonen i 1960-åra. Klausen lar henne få samvitskvalar etter å ha reflektert over «Et dukkehjem» av Henrik Ibsen. Det fører til at ho i 1972 rømmer for å starte eit nytt liv med falsk identitet, og på grunn av møtet med ein norsk ambassadør og ei misforståing om vegen til Ibsen-museet i Oslo, endar ho i Drammen. Der begynner ho å jobbe på kafé og forelskar seg i ein klårsynt, eldre mann som går rundt og gjer gode gjerningar når han ikkje skriv på ei bok om Kristus som førebilete på alle livets område.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen