Eg veit, eg veit. Det høyrest sprøtt ut. Ei fomlande, usikker jente? Som i løpet av ei 90 minuttars forteljing viser seg å vere riktig person til å avverje dei katastrofale hendingane som trugar med å utslette alt ho held kjært? Og det til trass for at ein gut, som på alle måtar ser ut til å vere suverent betre rusta til å handtere dei ikkje så reint beskjedne utfordringane dei alle står overfor, er eitt hundre prosent klar til å ta på seg jobben?