Flaks med dei armar du har
«Flokken» gjer godt for alle vanlege og uvanlege barn.

Kari Stai
Flokken
Samlaget 2025, 133 sider
Kari Stai gav ut den første boka om Juri i 2021, i år kom det ei ny bok. Gjennom ti små, episodiske forteljingar møter me ein om lag tolv år gammal gut som mange litt stille barn nok kan kjenna seg igjen i. Juri er nemleg ein som observerer andre menneske, og er svært var for korleis kjensler og stemningsskifte hos dei han har ikring seg, kjem til uttrykk. Han anar meir enn han veit, anten der er bestevenninna Evy eller ein ny klassekamerat som får noko avvisande eller sårbart over seg. Og så prøver han seg fram for å nærma seg på ein måte som får dette merkelege og gåtefulle me kan kalla menneskeleg samspel til å fungera.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn