Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Dikt

I rørsle

Hanne Bramness’ bok er ei overrasking – og noko nytt i forfattarskapen.

LANGDIKT: Hanne Bramness’ poesi tek ei ny vending. FOTO: ANNA-JULIA GRANBERG
Dikt

Himmelen faller ikke ned

Hanne Bramness

Tiden Norsk Forlag 2025, 60 sider

Georg Johannesen har ein gong sagt at forfattarar stort sett skriv på den same boka heile livet. Berre unnataksvis skriv dei to. Desse orda fell meg i hug, når eg les den nye boka til Hanne Bramness. For dei siste åra har ho slått seg opp, som det heiter, blitt ein av dei heilt sentrale poetane i Noreg, gjennom diktsamlingar som er heilt spesielle, heilt ut originale. Kort fortalt har ho skrive dikt der historia, det som har hendt før, gjer seg gjeldande i nåtida. Du kan lesa eit dikt om å gå tur med barnevogn i Berlin, som samstundes blir ein situasjon der barn som leika i denne parken for snart hundre år sidan er til stades. Tida, totaliteten av tid, faldar seg ut i ei samtidigheit. Og nett i desse møta mellom historia og nåtida byrjar desse dikta å dirra av aktualitet. Dette er kjempefine bøker, eg kan ikkje seia anna.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?