Min ven, biletkunstnaren Rolf Groven, døydde den 27. mars, 14 dagar etter 82-årsdagen. Dermed er eit liv med satirekunst og humor, med store opp- og nedturar til endes. Vi møttes til klassefoto framfor hovedbygningen på NTH etter Rolf sitt tredje forsøk på opptak til arkitektstudiet. Studiet blei gjennomført, men sjelden har ein så standhaftig opptaksinnsats blitt følgd av ei kortare karriere: etter tre–fire år var det slutt. Trangen til å uttrykke seg som biletkunstnar let seg ikkje stoppe, og etter kvart kom dei folkekjære bileta på rekke og rad: «Norsk nyromantikk», «Atomgutten», «Fri flyt», «Oljeferden i Hardanger». Men godkjenninga frå det etablerte kunstmiljøet kom aldri. Knapt nokon har blitt refusert så mange gonger til Haustutstillinga, mens det er få i kunstmiljøet som kan vise til så mange dagsrevyintervju, der eit times portrettintervju toppa det heile.