Høgt og lågt
Korleis skriva politisk poesi utan å bli banal?

Athena Farrokhzad
Anno asen
Omsett av Ida Hove Solberg
Samlaget 2025, 115 sider
Athena Farrokhzad er fødd i Teheran og oppvaksen i Göteborg. Ho debuterte med «Vitsvit» i 2013. I den samlinga vekslar medlemmane i ein innvandra familie på å føra ordet. Dei pratar om liva sine, med utgangspunkt i identitetar som eksilerte frå heimplassen og framande der dei har kome. Men boka fell ikkje til ro som forsøk på å skildra autentiske liv. For plutseleg, inne i desse rolledikta, møter du godt gøymde formuleringar frå vestleg kultur. Ei line frå Bob Dylan, plassert inn i eit dikt der ei innvandra mor frå den arabiske verda uttrykkjer sine inste kjensler til dottera si. Eit vers av Edith Södergran. Det er myriadar av slike sitat, frå høg- og populærkultur av så mange slag at det nok seier mest om lesaren kva for nokre ein legg merke til.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn