Khaleda Froagh
Måne på flukt fra natta
Til norsk ved Inger Elisabeth Hansen, Mohammad M. Izadi og Khaleda Froagh
Aschehoug 2024, 109 sider
Når eg omset bøker, vil eg unngå at omsetjingane blir for bokstavelege. Men innimellom har eg tenkt på kva som ville oppstå viss ein leika med nettopp dette. Viss eg heller enn å omsetje det spanske tengo frio med «eg frys», omsetje det til «eg har kulde». Eller heller enn å omsetje estoy bailando til «eg dansar», skreiv «eg er dansande». Kunne ein bruke det som eit eksperiment for å halde fast ved det framande i det andre språket?