Thomas Korsgaard
Snytt ut av nesa
Omsett av Hilde Rød-Larsen
Bonnier Norsk Forlag 2025, 304 sider
På slutten av 1800-talet kalla dei det naturalisme, i mellomkrigstida og i syttiåra snakka ein om sosialrealisme, i nittiåra og på starten av 2000-talet sa vi «skiten realisme». Gjennom 2010-åra var buzzordet arbeidarlitteratur (som i mange tilfelle overlappa med autofiksjonen – franske Édouard Louis og Annie Ernaux er velkjende representantar). Bak desse litteraturhistoriske nemningane finn vi skildringar av livsvilkåra til dei som arbeider hardt for lite pengar og endå mindre status eller som lever på trygd. Dei som ikkje har arva indeksfond og kulturell kapital, men dårleg sjølvbilete og vald som startar der språket sluttar.