Fjoråret var eit av norsk films sterkaste internasjonalt med festivalprisar i Sundance, Cannes og Karlovy Vary, Netflix-suksess med «Ibelin» og ei rad European Film Awards. Til veka får vi òg vita om «Armand» blir kortlista til Oscar! Om 2025 kan toppa dette, veit vi ikkje, men i går presenterte Norsk filminstitutt den norske filmvåren med blant anna klipp frå Emilie Blichfeldts «Den stygge stesøstera», som er tatt ut til Sundance og Berlin. GK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene