Ingvild Holvik
Reiret (arbeidstittel)
Samlaget 2024, 244 sider
Reiret (arbeidstittel)» er Ingvild Holviks fjerde roman, men forteljaren i boka er ei kvinne i starten av forfattarlivet. Ho strevar med å kome i gang med skrivinga og samtidig pønske ut formuleringar om prosjektet som kan sikre henne plass på eit forfattarstudium. Ho forsørgjer ein ektemann som satsar alt på biletkunsten og to små gutar – eit akutt tilfelle av den klassiske konflikten mellom omsorgs- og kunstnarrolla. Samtidig skildrar boka ein oppvekst sterkt prega av konservativ kristendom.