I søket etter gode illustrasjoner til Bokmagasinet, hender det man snubler over materiale som vel er på siden av saken, men for godt til ikke å deles. Arkivaren presenterer et utvalg.
Det står sval, kontinental bris frå sidene i Hans Petter Blads roman om ein erotisk trekant.
Merete Røsvik
Litterære finter: Hans Petter Blad har ein utsøkt sans for rammande karakteristikkar. Foto: Rikke Løe Hovdal
Hans Petter Blad
Den unge kvinnen
Oktober 2024, 165 sider
Blad var filmskapar då han 40 år gamal romandebuterte med den le-høgt vittige, svarte komedien «I skyggen av små menn midt på dagen» (2002) – ein genistrek av ein tittel! (Den bekrefta hypotesen min om at ein tittel som begeistrar ber bod om ei god bok – det er sikkert som Statens pensjonskasse.) Sjølv om Blad der tek eit nådelaust oppgjer med ein feig, intellektuell mann som i si emosjonelle forvirring blir fullstendig omsynslaus mot kvinner (tenk Woody Allen), vitnar teksten også om den same fascinasjonen for polyamorøse relasjonar som går igjen i fleire av romanane hans og no er motivet i den nyaste; «Den unge kvinnen».