Cathrine Louise Finstad (tekst) og Karoline L. Førsund (ill.)
Superbror
Frå 3 år
Gyldendal 2024, 36 sider
Hilmars mor er gravid, og han gleder seg til å bli verdas beste storebror. Men fosteret sitt hjarte sluttar å slå, og siste helvta av boka handlar om Hilmar sin sørgeprosess. Dette er den ytre handlinga i «Superbror», og det mest openbare poenget med denne biletboka for barn heilt ned i barnehagealder er at ho fungerer som inngang til å ta opp dette vanskelege temaet.