I dag opnar den viktige dokumentarfilmfestivalen IDFA i Amsterdam. Årets utgåve av festivalen blir også den siste i regi av kunstnarisk leiar Orwa Nyrabia. Bransjebladet Screen har meldt at han vil halda fram i jobben til sommaren 2025 for å hjelpa å få på plass sin erstattar. Den syriskfødde filmskaparen har styrt IDFA sidan 2018 og har drive nyutvikling av festivalen i retning større kreativt mangfald og meir demokratiske avgjerdsprosessar. GK

I Oslo går festivalen Film fra Sør for fullt denne uka. I kveld er det mulig å møte den indiske dokumentaristen Nishtha Jain (kjent for sin film om grasrotjournalistikk, «Gulabi Gang») og se hennes siste film «Farming the Revolution», om et svært virkningsfullt bondeopprør i India. Visningen blir fulgt av en samtale på scenen om India under statsminister Narendra Modi og hvordan folkelig og ikke-voldelig opprør kan bære frukter. GK

Colosseum II: Blant dei mest kjende romerske gladiatorslaveopprøranane på film er «Spartacus» (1960). Den då rekorddyre Oscarfilmen vart regissert Stanley Kubrick og tittelrolla spela av Kirk Douglas. GK

Colosseum I: William Wylers «Ben-Hur» (1959) med Charlton Heston i tittelrolla er ei pasjonshistorie om ein jøde som blir sviken og seld som romersk slave. Filmen endar med eit ikonisk hestevognløp. GK