Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kristina Leganger Iversens treffer tidsånda rett i magen, men sjangervalet gjer premissane for lesinga uklåre.

Det vanskelege begjæret

Trio: Den nye boka til Kristina Leganger Iversen er forma som ein løpande samtale mellom tre kvinner. Foto: Tom Henning Bratlie
Dialogar

Kristina Leganger Iversen

Det sanne og det synlege

Dialogar

Samlaget 2024, 159 sider

Forfattar og forskar Mads Larsen har nyleg fylt den deprimerande offentlege samtalen om «kjønnsmarknaden» med ny, ufrisk indignasjon over at heilt gjennomsnittlege kvinner avviser nesten alle menn. (Personleg kjenner eg faktisk fleire som berre vil ha éin. Kor er verda på veg?!) Larsen og meiningsfellane hans opererer med ein grunnleggjande feil premiss: At det å bli begjæra av mange vert opplevd likt av menn og kvinner, som ein «kapital» som gir makt og handlingsfridom. Men dei fleste kvinner vil på eit tidspunkt erfare at redsle for å ikkje vere attraktiv nok til å bli begjæra, blir bytt ut med redsle for vellystige blikk. At begjæret blir opplevd som krav, trugslar og i verste fall overgrep, i ektesenga, på fest eller i det offentlege rom. I møte med menn spør kvinner seg ikkje berre «er han tiltrekkjande?», men «er eg trygg saman med han?». Nokre har opplevingar frå barndommen som gjer at dei unngår intime relasjonar heile livet – det treng ikkje å vere overgrep, det kan «berre» vere tilknytingsproblematikk.