Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein dokumentar om «klosterliv» i fengsel er den beste julefilmen hittil.

Talande tilbaketrekking

Positiv sjølvgransking: Øystein Mamens skildring av den åndelege rettleiinga «Sammen i stillhet» er eit varmt forsvar for reform av kriminalomsorga. Foto: Mop Distribusjon

Straff

(Noreg, 2024) Regi og manus: Øystein Mamen Dokumentar/ 1 t. 48 min./ Kino

Halden fengsel har eit unikt tilbod til langtidssonande innsette. Eit samarbeid mellom Kriminalomsorga, Den norske kyrkja og Frelsesarmeen gjev fangar frå heile landet sjansen til – populært uttrykt – «å leva som munkar/ nonner» i tre veker. Ei eiga fløy av fengselet, der luftegarden er ein naturhage med karpedam og gapahuk, er sett av til retreaten «Sammen i stillhet». Det er ingen «ferie». Gjennom refleksjonsoppgåver, meditasjon og/eller bøn legg dei sonande – alle domfelte for alvorleg, dels organisert valds- og vinningskriminalitet – ut på krevjande erkjenningsreiser i eigne liv og sinn.