Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Margreth Olin si slektsforsking er av det djupaste slaget.

Familietreet

Slekt: Margreth Olin skriv mora djupt inn i landskapet i Oldedalen. Foto: Christopher Olssøn
Roman

Margreth Olin

Song til mor

Roman

Forlaget Oktober 2024, 174 sider

Vatnet ser så hardt ut, der det fossar frå breen i Margreth Olin sin film «Fedrelandet», med ei kraft ein i den stunda forstår at kan forme landskap. Vatnet og isen har forma dalen i filmen, barndoms­dalen til faren. I neste klipp ser vi stillare vatn, klårt, rennande, som faren dyppar handa si i, og det sildrar over linjene i handflata, slik vi nettopp såg det fosse gjennom furer i fjellet. Handa lyftar vatn til munnen, og faren drikk.