Skodespelaren Daniel Kaluuya har vorte heidra med ein statue på Leicester Square heime i London. Nærare bestemt er det Kaluuyas rollefigur, Chris Washington, frå gjennombrotsfilmen «Get Out» (2017) som er portrettert, melder BBC. Filmskaparen Jordan Peeles psykologiske skrekk bora djupt i amerikansk rasisme, og statuen viser scenen der Chris blir hypnotisert av mor til den kvite kjærasten sin og fell ned i ein metafysisk avgrunn. GK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene