Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Poetisk praksis

trur ikkje livet snur

trur det spankulerer bortover ein grussti og

snublar i ein blikkboks, sparkar småstein, får vondt

i tåa, knekk ein kvist av eit tre og kastar han til side,

set seg ned på ein stubbe og legg hovudet i

hendene, set i eit urbrøl og sprett opp, sparkar i

stubben og spankulerer bortover grusstien

Juryens kommentar: Ein klok poet skreiv eller siterte ein gong noko eg hugsar omtrent slik: «Kvar gong eg les ein artikkel som byrjar med orda «vi lever i en overgangstid» legg eg den vekk med eit sukk». Sjølvutviklingsbøker og nyheitsmedia går saman om å prøva å fortelja oss at alt kan bli forandra, alle steinar kan snus, livet kan snu, ting kan snart og plutseleg og på mirakuløst vis bli noko anna. Du kan nå alle dine mål. Sjå der borte! I enden av tunellen! Eller dommedag er nær. Den gode tida er over. Apokalypsens vibrasjonar dirrar alt i veggene. Og sjølv om det kan verka noko paradoksalt og lite i tråd med tida me lever i nett nå, så fall juryen for dette diktet som fortel ei ganske anna historie. Ei erfart soge, der poeten vågar å tala alt dette midt imot. «Nei», seier diktet, «eg trur ikkje det snur.» Det tek seg nok bare fram på ganske så trivielt vis langs ein sti full av grus. Snublar, får vondt, set seg deprimert og frustrert ned ei stund med hovudet i hendene, før det igjen har samla energi nok til eit brøl mot verda. Reiser seg så med ny spenst og spankulerer vidare nøyaktig på den same grusstien. Det går opp og det går ned, det går hit og dit, men i hovudsak, i botn og i essensen, held det bare fram som før.