En beretning om blindhet
Trøndelag Teater
Basert på ein roman av José Saramago Omsett av: Christian Rugstad Dramatisering og regi: Mina Salehpour Scenografi: Andrea Wagner Kostyme: Maria Anderski Lyddesign: Sandro Tajouri Lysdesign: Eivind Myren
Med: Emma Caroline Deichmann, Emil Olafsson, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Synnøve Fossum Eriksen
Gjennom fleire romanar har den portugisiske forfattaren og nobelprisvinnaren José Saramago (1922–2010) tatt opp ulike pandemiske situasjonar. I «En beretning om blindhet» frå 1995 blir menneska ramma av ein pandemi som gjer dei blinde. Korleis taklar ein slikt, og kva gjer styresmaktene for å handtere pandemien og hindre ytterlegare smitte? Med covid-19 friskt i minne, er det nok mange som kjenner seg att.