Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit mektig kvinneportrett, og eit monument over jordmoryrket.

Armod og vilje

FAR OG DOTTER: Scenene mellom den viljesterke Stina (Kjersti Sandal) og faren (Vidar Sandem) er blant dei beste i teaterversjonen av Edvard Hoems «Jordmor på jorda». FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Jordmor på jorda

Teatret Vårt, Molde 

Av Edvard Hoem   Dramatisert av: Morten Borgersen og Kristian Lykkeslet Strømskag

Regi: Morten Borgersen  

Med: Kjersti Sandal, Bjørnar Lisether Teigen, Sara Fellman, Vidar Sandem, Vivi Sunde, Sigmund Njøs Hovind og Lars Melsæter Rydjord 

I åra 2014 til 2017 skreiv Edvard Hoem ein firebands romansyklus om si eiga slekt frå oldefaren Knut Nesje på midten av 1800-talet og fram til vår eiga tid. Det var eit breitt anlagt episk verk som gjennom lagnadane til familien hans også ga lesarane eit viktig stykke noregshistorie, spesielt om utvandringa til Amerika – om dei som fór, og dei som blei.