Anngjerd Rustand
Umiskjennelig hennes
Dikt
Gyldendal 2024, 77 sider
Det spesielle med Anngjerd Rustand si debutsamling er at ho gjer eit par interessante vriar på eit stoff eg trudde det ikkje var så mykje meir å seia om. I utgangspunktet er det i dag fullstendig uttværa å skriva dikt om opplevinga av at nære og kjære blir sjuke eller går bort. Slike dikt, som ein gjerne kallar «pårørandelyrikk», har vore ein trend dei siste par tiåra. Det er som om ein har plukka opp att den eldgamle tradisjonen for å fokusera på liding og ulykke i lyrikken, men oppdatert ved å bytta ut einsemda med familierelasjonen som kjernen i den smertefulle eksistensen.