Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Det e bærre fornavnet» er ein komedie som manglar litt på tempo og timing.

I overkant fransk

OVER STYR: Den intellektuelle leiken blir brått valdeleg. Her blir Claude (Lars Magnus Krogh Utne) pleia av Pierre (Erik Jimenez Hauge) og trøysta av Anna (Kathrine Strugstad). Foto: Nadia Caroline Andersen

Det e bærre ­fornavnet

Rabarbr. ateateret, Trondheim

Av Alexandre de la Patellière og Matthieu Delaporte  Omsett av Charles-Edmond François og Bendik Sjømæling Nordgaard

Regi: Susann Edvardsen François

Med: Erik Jimenez Hauge, Hilde Knedal Andersen, Kathrine Strugstad, Kenneth Engen og Lars Magnus Krogh Utne 

I godt over ti år har Rabarbrateateret spela sommarteater i Rabarbraparken på Bakklandet i Trondheim. Med Shakespeares komediar omsett til Sparbu-mål har dei gitt oss elleville folkekomediar. Like vellukka har det ikkje vore når dei har freista å skrive noko sjølve, og fjorårets oppsetjing av «Romeo og Juliet» kom heller ikkje heilt i hamn.