Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjennom irritasjonen over vegarbeidsrestar ved verdsarvsområdet trer Erling Indreeide sitt uvanlege litterære prosjekt fram.

Eit naturleg menneske

Livet er vegen: Natur og menneske er eitt i dikta til Erling Indreeide. Her sjåast fotografiet «Høibæring, Geiranger» av Anders Beer Wilse. Foto: Norsk Folkemuseum

Under lesinga av Erling Indreeide kjem eg til å tenka på noko Olav H. Hauge ein gong skreiv om Bertolt Brecht: at verseforma hans stod på dørhella som eit par tresko. Ein merkar knapt linedelinga i desse essayistiske dikta, som forfattaren sjølv kategoriserar som «funderingar og ferdaminne». Med utgangspunkt i konkrete opplevingar på staden der forfattaren har vakse opp, faldar dei lange dikta seg i tråd med essaytradisjonen ut som assosiative, snirklete resonnement der det ein har føre seg opnar for å sjå dei store sambanda i tilværet. Innimellom desse lange resonnementa dukkar det opp korte tekstar, gjerne sentensaktige, meir som emblem eller aforismar. Så me er, for å seia det litt høgtidsamt, i ei bok som lever opp att slike former for filosofiske og reflekterande tekstar som var vanlege i diktekunsten i eldre tider, før ein gjorde diktet til sjanger for kjenslemessige utbrot. Den erfarne forfattaren Indreeide, som debuterte i 1972, har vore i dette landskapet lenge, og etterkvart fått selskap av mange poetar i samtida, som skriv «sakpoesi» eller reflekterande langdikt om alt frå blomster til finansspekulasjon. Og «internettpoesi», som ikkje eigentleg er dikt, men aforismar. Men den direkte kontakten med essaytradisjonen er han, så vidt eg veit, einsam om.