Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er i S ordboksfolket døyr.

Kva er det med bokstaven Z?

Ein kronikk i Aftenposten om ungdom hadde ‘generasjon Z’ som tema. Eg las nøye, men fann inga forklaring på uttrykket. Dagen etter spurde eg ni personar rundt eit bord på Universitetet i Agder. Nei, ingen av dei kjende uttrykket. Heller ikkje på Wikipedia fann eg noko. Vinteren 2023, då Arne Treholt døydde i ei høg bustadblokk, ikkje langt frå Kreml, stod det markert ein svær Z på fasaden der, over fleire etasjar. Ikkje radt så mystisk, for året før var det måla ein raud Z på stridsvognene som stod på rekkje nord for Kyiv.