– Dette er det mest omfattande og alvorlege som er avdekt i Noreg når det gjeld samling og hausting av egg, seier leiar Hans Tore Høviskeland ved Økokrims miljøkrimeining til NRK.
Økokrim meiner dei har funne eit nettverk som stel fugleegg, mange frå kritisk og sterkt trua artar. 16 personar er sikta og åtte politidistrikt involverte.