Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Farmor og farfars krig» er ei viktig forteljing om livet som krigsseglar, skriven med kjærleik.

Krigens vevnad

Overvunne: Det tyske krigsskipet «Scharnhorst» blei senka av ein britisk/norsk flåtestyrke i 1943. Foto: NTB Scanpix

Ein maidag i 1938 står 16-åringen Einar ute på eit jorde heime på garden Møllerhaug på Tittelsnes i Sveio då naboen, som er matros, i stykkgodsfart på Amerika, kjem og spør om han ikkje vil bli med til sjøs. Båten hans, «Utsire», treng byssegut. 16-åringen får eit nølande ja frå foreldra, reiser ut – og ser ikkje heimen att før åtte år og ein verdskrig seinare.