Tidlegare i vår var eg innom Tyskland si nest største bokmesse, i Leipzig. Det var flott å sjå den gjenoppstå etter tøffe år under og etter pandemien. Som alltid var den ein stor lesefest, og eit interessert publikum vandra mellom standane til dei store og tradisjonsrike tyske forlaga. Men berre éin stad kunne ein sjå ei verkeleg folkemengd, hjå eit forlag eg ikkje kjende, der tusenvis av menneske stod i kø for å få bøker signert av forfattarar eg aldri hadde høyrt om. Forfattarar og forlag representerte sjangeren som no, også med hjelp frå strøymetenestane, dominerer alle salslister: såkalla feel-good, eller romantisk litteratur, ein del av bokmarknaden eg veit svært lite om.
På 1930-talet måtte islendingar med skriveambisjonar skifte språk og reise i eksil, samt tole arroganse frå The New York Times.