Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Diktsamlinga til debutant Joanna Lundberg er rik og uhyre velskriven.

Det store vi

Økopoet: Joanna Lundberg har bakgrunn frå visuell kunst. Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss
Dikt

Joanna Lundberg

Salamanderhånd

Dikt

Cappelen Damm 2024, 86 sider

Diktsamlinga «Salamanderhånd» tar oss gjennom tre ulike etappar i historia vår. I den første delen er «vi» omskifteleg, i ulike fasar av den tidlege utviklinga fram mot pattedyra. I den andre delen er me i steinalderen, og i den tredje delen dukkar det moderne mennesket opp, i ei ikkje nærmare definert førmoderne tid.