Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein brasiliansk akademikar utan lappen vil sjå verda frå lastebilsjåfør-faren sitt perspektiv.

Køyre frå Jaú

Konsekvensar: Som lastebilsjåfør bidrog faren til José Henrique Bortoluci til bygginga av ein 4000 kilometer lang veg innover i Amazonas. Foto: Victor Moriyama/Greenpeace/AFP/NTB Scanpix

Av og til får ein eit glimt av verdshistoria i dei tilforlatelege anekdotane til sine næraste. For José Henrique Bortoluci trer faren, lastebilsjåfør gjennom femti år, fram som vitne i den historiske utviklinga som leia fram til at Bortoluci i 2021 har utsikt til store, svarte røykskyer frå enorme skogbrannar i Amazonas og eit fascistisk politisk landskap med Jair Bolsonaro på topp.