Kjære NRK og tilhøyrande produksjonsselskap, me vil opne dette oppropet med å understreke at den underståande kritikken av dykkar reality-konkurranse Bakemesterskapet, som for tida rullar og går over norske fjernsynsskjermar, på ingen måte er fundert i «snobberi» eller «elitisme». Det finst dei som dei siste tiåra har lagt all si fritid i å konsumere fruktene av tv-seriens såkalla «gullalder» – ein gullalder som, etter kva me høyrer, er forbi middagshøgda, utan at det bryr oss, for det siste me såg av «kvalitet» på fjernsynsmediet var The Sopranos, og sjølv det var fyrst og fremst fordi det var umogleg å få ein heterofil mann på kroken på slutten av 00-talet utan å ha sett minst fire sesongar.
Eit ope brev til NRK etter å ha blitt pressa til å sjå «Bakemesterskapet».
La dei lage kake!
Kulturuka