Oppvasken etter Berlinalen tar ingen ende. Ifølgje Screen har eit føderalt tilsynsorgan vedteke at gjester og prisvinnarar «må sikrast ytringsfridom innom grunnlova», og at festivalen må «vera fri for hat, hets, antisemittisme, rasisme, islamofobi og all slags misantropi». Festivaldirektøren vart òg oppmoda til å retta merksemd mot lagnaden til skodespelar og tidlegare Berlinale-gjest David Cunio, som er blant Hamas-gislane på Gaza. GK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene