Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å klappa med ei hand

Tysk applausstrid

Tyskland har kjente historiske motiv for å stø Israel, men i det tyske kulturlivet har denne støtta slått over i nærast patologisk angst for å visa medynk med palestinske liv. Fenomenet framstod som rein absurditet då kulturminister Claudia Roth denne veka måtte forsvara at ho hadde klappa for pristildelinga til ein israelsk-palestinsk dokumentar ved avslutninga av filmfestivalen i Berlin. Regissørane Yuval Abraham og Basel Adra var blant mange som nytta seremonien til å be om våpenkvile på Gaza. Abraham og Adra har laga «No Other Land» saman og står for same bodskap, men «eg applauderte berre den israelske filmskaparen», sa Roth då ho vart konfrontert med foto av seg sjølv frå salen. Kulturministeren har fått ansvaret for det tyske politikarar og leiande media kallar «endå ein antisemittisk skandale på hennar vakt». Fleire har bede om hennar avgang. No har ho med ryggen mot veggen, starta gransking av festivalen og seier til Der Spiegel at det er ein motbydeleg, open antisemittisme blant venstreradikalarar. GK