I gamle dagar, den tid ungane sprang lause og verken hadde gymnastikksal eller SFO, fanst det leikar som var blitt overleverte frå store til små så lenge nokon kunne minnast. Ein av dei gjekk ut på at alle utanom ein stilte opp ved langveggen på skulehuset, for på signal å springa så fort dei kunne over grusplassen fram til gjerdet på den andre sida. Så var det opp til den eine ute på plassen å nå dei att og gje dei eit slag på ryggen. Då var dei fanga og måtte bli med og fanga dei andre.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene