Lyden av det velmeinande 1980-talet har fått sin eigen dokumentarfilm på Netflix. «The Greatest Night in Pop» fortel soga om organiseringa, skrivinga og innspelinga av «We Are The World» – super-mega-velgjerdssingelen over dei alle, som, til trass for å vere veldig lett å latterleggjere, har samla inn enorme (ukyniske) summar sidan låta vart lansert i 1985. I tillegg til god underhaldning byr dokumentaren på opptil fleire lærdommar – så heng med på dei mest sentrale.
Bæ bæ lille lam