Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Landets største barnehagekjede risikerer millionkrav frå staten. No vil SV-leiaren gjere livet enda meir vanskeleg for Læringsverkstedet.

SV vil stengja krana for barnehage-profitt

UFORSTYRRA: Hans Jacob Sundby eig Læringsverkstedet saman med kona. Han meiner salet av barnehagane gjekk riktig føre seg. Foto: Hanne Marie Lenth Solbø

Nyleg kom Utdannings­direktoratet med sine førebelse konklusjonar i tre ­tilsynssakar mot Læringsverkstedet. Barnehagekjeda vert skulda for brot på barnehagelova og vert førebels oppmoda om å betala attende 37 millionar kroner i stønad.