Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dikta til Eirik S. Røkkum skildrar ei verd der det ikkje finst noko berande «vi».

Adjø, solidaritet

Tom dress: Meritokratiet lever utan kontakt med problema dei skal løysa i «Grisens år». «Stillleben mit Herrenkleidung» vart måla av Martin Mendgen i 1932. Foto: Wikimedia Commons

I den sentrale scena i «Grisens år» møter me ein norsk toppdiplomat med honorært husvære i Paris. Hit inviterer han fire venner til ein ultradekadent soiré, med lettkledd underhaldning og utryddingstrua dyreartar på menyen. Gjestenes namn, Galtung, Gudmund og Gunnhilda, oppfattar eg som temmeleg gjennomsiktige peikingar mot Johan Galtung, Gudmund Hernes og Gunnhild Stordalen. Verten, Glupen Garborg Guttmann, har fått St. Olavs orden «for sin uvurderlige rolle under klimakonferansen i Quatar».