Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit innsiktsfullt skråblikk på mannsrolla, men som ikkje greier heilt å avgrense seg.

Truverdige menn

SUPERMENN? I starten då stemninga var god og dei tre (Per Magnus Barlaug, Benjamin Lønne Røsler og Joakim Thrane) ennå følgde Katja Lindebergs regi. FOTO: TORSTEIN UTHAUG/RAGNAROK FILM

For fem år sia laga Katja Lindeberg og Madeleine Brandtzæg Nilsen framsyninga «Bare en våt munn». På grunnlag av eit tjuetals intervju med kvinner i ulike aldrar utforska dei kvinnerolla, utfordra tabuførestillingar og ga faen i teaterkonvensjonane. Framsyninga var eit friskt pust, og fekk mykje ros. Etter ei tid som skodespelar ved Nordland Teater, har Katja Lindeberg nå vendt attende til det vesle produksjonsselskapet sitt. Og torsdag var det urpremiere på «Når det jeg egentlig vil er at du skal holde rundt meg» på Rosendal Teater i Trondheim. Denne gongen er det mannsrolla som kjem under lupa. På same vis som i «Bare en våt munn» har ho intervjua ei rekkje menn, redigert det heile og laga ein heilaftans framsyning som tydeleg trefte ei nerve hjå eit entusiastisk premierepublikum.