SV vil jobbe for høgare sosiale ytingar, gratis SFO og gratis tannhelse i statsbudsjettet. Friskulane får dei rydde opp i sjølv, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.
Vil trappe opp sosiale ytingar: SV-leiar Kirsti Bergstø vil prioritere dei som har minst i forhandlingane om statsbudsjett. Foto: Tom Henning Bratlie
Snart går forhandlingane om statsbudsjettet i gang. Først skal SV levere sitt forslag til budsjett. Der vil det vere fokus på to hovudmål: å redusere forskjellar og utslepp.