Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Espen Stuelands nye dikt arbeider med å få tinga og livet til å hengje saman.

Rivnene i overflata

Dikt

Espen Stueland

Gaffadiktene. Feltstudier og månesekvenser

Dikt

Forlaget Oktober 2023, 184 sider

I si førre sakpoesibok, «Eilert Sundt-tilstanden» (2019), orkestrerte Espen Stueland nennsamt sitat frå Sundt sitt arbeid og vende opp ei fjernare fortid enn han gjer i årets diktbok. Med «Gaffadiktene» rykker samtida og den felles erfaringsverda vår, ja, det gjenkjennelege, inn i dikta. Kan hende gjer det at dikta kjennest ekstra relevante.